Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sumaraktivitetar for ungdom 2019

Her er meir informasjon om sumaraktivitetane for ungdom.

10.juli er det NY Bø Sommerland tur! PÅMELDINGSFRIST 3.JULI!
Fekk du ikkje med deg Bø Sommerland – turen 26.juni? Då har du sjansen igjen!
Aldersgrense er dei som er født i 2006 og opp til 19 år. 
Det kostar kr 250,- å vera med. Dette dekkjer transport tur/retur, mat og inngangsbillett. 

6. - 8.august blir det skjærgårdsidyll på Østre Bolærne! PÅMELDINGSFRIST 29.JULI!
Østre Bolærne ligg utanfor Nøtterøy i Færder kommune. Det er fergesamband til øya. Me skal halde til i kommandantboligen, som ligg heilt nede ved vatnet – ein kjempefin plass som har fått gode attendemeldingar!
Aldersgrense for turen er dei som er født i 2006 og opp til 19 år.
Det kostar kr 900,- å vera med. Dette dekkjer transport tur/retur, mat og overnatting. 

14.august reiser me til Tusenfryd! PÅMELDINGSFRIST 7.AUGUST!
Me tek opp at suksessen frå i fjor, og reiser til Vinterbro utanfor Oslo, og Tusenfryd!
Aldersgrense er dei som er født i 2006 og opp til 19 år.
Det kostar kr 250,- å vera med. Dette dekkjer transport tur/retur, mat og inngangsbillett! 

Alt ein må gjera i førekant er å registrere seg her

Når ein er påmeldt, vil ein få e–post med detaljera informasjon om turen (dei som kryssar av for at dei vil ha info), samt sms med litt info to dagar før turen. Me ber dykk innstendig om å HALDE FRISTEN, då me må vita antal i høve billettar, mat og transport. Ber dykk respektere dette. 

Ved spørsmål og ana, ikkje nøl med å ta kontakt med Silje (tlf 46 88 88 96) eller Anders (tlf 95 40 75 93).

Sommaraktivitetar 2019
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk